Bygg og anlegg

Frå småprosjekt til større offentlege bygg

Bystøl har lang erfaring frå eit breitt spekter av prosjekt i bygg- og anleggsbransjen. Me tilbyr bygg- og anleggstekniske tenester innan geoteknikk, betong, stål- og trekonstruksjonar. Me tilbyr og prosjekt- og byggeleiing, hms-oppfølging og uavhengig kontrollarbeide. I tett samarbeid med oppdragsgjevar og arkitekt finn me dei beste totalløysingane for prosjektet. Gjennom fleire tiår har me prosjektert alt frå små støttemurar til einebustader og leilegheitsbygg, kontor- og industribygg, landbruksbygg sjukeheimar og skular. I tillegg har me prosjektert bruer og varierte skreddarsydde mindre prosjekt

Tenester bygg og anlegg

  • Skisse- og konseptutgreiing med kostnadskalkylar

  • Forprosjekt

  • Utarbeiding av beskrivelsar

  • Prosjektering av betong-, stål- og trekonstruksjonar

  • Fundamentering og geoteknisk prosjektering

  • Utarbeiding av anbodsgrunnlag og kontrahering og kontrahering av entreprenørar for grunn-, betong-, VA-, elektro og tømrararbeid mm.

  • Søknad om avkøyringar mm

  • Oppmåling og utstikking

  • Byggesøknader

  • Prosjekt- og byggeleiing

  • Koordinator i prosjekterings- og utføringsfasen (KP/KU)

  • Uavhengig kontroll av prosjektering og utføring (UAK)

  • Utarbeiding av arbeidsteikningar, armeringsteikningar og sluttdokumentasjon

  • Utarbeiding av byggherre sin plan for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA-plan)

  • Kontakt med og søknader til myndigheiter som kommune, statsforvaltar, fylkeskommune, vegvesen m.fl

 

Ta kontakt

For meir informasjon rundt våre tjenester innan bygg og anlegg, ta kontakt med:

Jens A. Melheim

Dagleg leiar
Tel.: 41 21 55 17
E-post: jens@bystol.no