Personvernerklæring

  1. Om Bystøl

    Eigar av denne nettsida er: Bystøl AS, Tomtebu 2, 6893 Vik i Sogn. Telefon 57 69 85 80. Epost: post@bystol.no . Vårt org.nr. er NO  928 919 161.

  2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

    I samband med kundeforhold må me innhente opplysningar som namn, adresse, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar me utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Me  tek vare på opplysningane så lenge me har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data me har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil me ta vare på data etter krav etter anna lovverk eller så lenge me ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

  3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

    Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

  4. Kunderegister

    Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som selskapsnamn, adresse, informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, fakturainformasjon og betalingshistorikk. I tillegg har me oversikt over kva tenester som kunden har og har hatt avtale om.

  5. Informasjonskapslar

    Bystøl nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at me kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Me nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Google Chrome, Microsoft Edge, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

  6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

    Eigar: Squarespace/Google Analytics

    Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Me brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

    Eigar: Vimeo

    Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på nettsida.

  7. Deling

    Det er mogeleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

  8. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

    Etter personopplysningslova § 18 har den enkelte krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om ein sjølv. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til Bystøl AS - epost: post@bystol.no. Dersom registrerte opplysningar er urette, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningslova § 27. Sletting av dine opplysningar må ikkje vere i konflikt med anna lovverk, som til dømes bokføringslova.

  9. Ansvarleg databehandlar

    Dagleg leiar i Bystøl AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Me prøver  til eikvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern. Har du spørsmål, ta kontakt på post@bystol.no eller 57 69 85 80.