Osland Settefisk
Settefiskanlegget er lokalisert i Sørebu i Høyanger kommune, Sogn og Fjordane. Her har det vore produksjon av settefisk sidan 1986. Nytt anlegg stod klart i 2016 med konsesjon for produksjon av 2,5 millionar smolt årleg. I samband med dette prosjekterte Bystøl arrangementet for minstevassføring for å tilfredsstille krav om å sleppe 54 l/s om sommaren og 25 l/s om vinteren, samt avgrense vassuttaket til maksimalt 35 m3/min. Dette må kunne loggførast kontinuerleg, og data må kunne bli lagt fram til myndigheitene ved førespurnad.
Det vart etablert eit arrangement for måling og registering av minstevassføring i tilknyting til eksisterande inntakshus med filter nær terskelen i Sørebøelva. Vatn vart teke i kammer rett nedstraums innløpsventil i inntaket og ført i røyr for måling og registrering. Målaren er plassert i eit kammer på utsida av inntakshuset, med luke for innkomst. Varmeovn vert plassert i kammeret som frostsikring.
Arrangementet omfattar fylgjande:
Elektronisk målar er etablert i frostfritt kammer
Logging av vassnivå ein gong pr. time registrerast elektronisk og dataa vert overført og lagra i styresystemet til settefiskanlegget
Display med gjeldande minstevassføring er plassert på veggen til inntakshuset
Informasjonsskilt om minstevassføringa er plassert ved sida av displayet på veggen til inntakshuset
Illustrasjon av eksisterande inntakshus med kasse for måling og rør ut i elva for minstevassføring