Vegglifjell langrennsanlegg
Bystøl har variert erfaring frå utbygging av idrettsanlegg. I lag med erfaring frå både arrangement-, utøvar-, og trenarsida, var Bystøl teknisk rådgjevar for plassering og utføring av sprintløyper i Vegglifjell skisenter. Arbeidet omfatta synfaring i terreng og spesfikk rådgjeving kring terrengmessig plassering. Bystøl leverte typiske snitt for oppbygning av funksjonelle og haldbare asfalterte løypetrasèar lagt på myr.
Vegglifjell ligg i Rollag kommune ved foten av Hardangervidda mellom Numedal i Buskerud og Tinn i Telemark.
Vegglifjell langrennsanlegg: Stadion stod ferdig i 2019, medan sprintløypene, kort og lang er ferdigstilte komplett med asfalt i 2022. Løypeanlegga er planlagt slik at dei held internasjonal standard. Det ligg føre vidare planar om utviding og oppgradering av anlegge med mellom anna snøproduksjon og ein 5km trasè. Anlegget er eigd av Rollag og Veggli IL. Det pågår ei større utbygging av hyttefelt kring skianlegget.
Alle foto: Steinar Berthelsen